Å eldes

Å leva det var ein sigersgang

Å leva, ja det var ein sigersgang,

for det beste nokon kan gjevast.

Eg kom frå inkje til mor sitt fang,

til kloten der livet kan levast.

Å leva det var ein sjanse eg fekk.

Ein moglegheit mindre enn dette:

at eg var eit korn, ein liten flekk

i ørkensand,  og var den rette.

 

Å leva det var som å titta fram

ut av jorda som skrukketrollet,

fortrylt av venleiken, stum og lam,

og heilt uviss på eigen rolle.

Å øyda det var å gløyme seg bort.

Ja, gløyme at alt var ei gåve,

byggja seg sikring, og tenkja stort

om eigen plass og oppgåve.

 

Å leva det er å modnast om senn,

så ein hugsar å takke for laget.

Når du står ved enden av vegen, kjenn:

du var av det heldige slaget.

Å leva det er å vakne ei natt,

liksom skrukketrollet, forferda,

å veta eg skal under torva att.

Men eg var ein utvald i verda.

 

Å leva, ja det var ein sigersgang,

for det beste nokon kan gjevast.

Eg kom frå inkje til mor sitt fang.

Til kloten der livet kan levast.

Å leva det var ein sjanse eg fekk.

Såg jordlivets mange kulørar.

Kan eg vel klage? Nei, mange gjekk,

den vegen med langt tyngre børar.

 

                                      *

 

Er gammal


Leitar etter glansen i gamle skår,
beingrinda sigrar over kjøtet.

Dagar,
små bagatellar, 
i flatt lende.

Bakkane oppetter lia du aldri skal gå.
Solstreif nedover, blendar deg,
sender deg inn i ditt bol.

Våren ler.
Ensar 
deg ikkje.

 

                                      *

 

Stå i vinden


Dei gamle fiskehjella står i vinden,
set sjøbein
klorar seg fast.

Tonane i streng...
eit påbod om å stå...
ikkje legga seg ned

Sjølv om strengen er rusten
kan han endå bera.

Det gjeld å vera budd
om dei gode stundene i livet
skulle koma tilbake.

Derfor kan dei stå i vinden.
 

 

                                      *