
Hverdager
Christian Krohg. Kone som skjærer brød. Public domain
Varme
Dei små, små kvardagane.
Regn over svaet,
nytrukken kaffe.
For trøtt til
lengt.
Mest haustdagar
over herdene.
Kvardagen sit der
ein morgon
og sukkar.
Klør på en rur.
Dansen er over no,
ladene tomme.
Klok av skade
drikk eg all varmen
eg kan få
ut av koppen.
Den gode dagen
Den gode dagen
spring mot meg,
med lette lokkar
i vegkanten,
og skitne never
med engsolei.
Den gode dagen
klukkar lett
gjennom ekrene,
og er ei jente
å lyfte opp
mot sola.
Den gode dagen
spring berrføtt,
og med skrubbsår
strør solfrø
og teiknar
Paradis.
*